– Det har teke tid, men no er alt godkjent i kommunen og vi er klare til å byrje salet av det vi meiner vil verte svært attraktive bustadar, seier Koppen, om utbyggingsprosjektet i Strand-feltet ytterst i Gamlevegen. Det har fått namnet «Fjord terrasse».
Første byggesteg i 2021 vert tre blokker med i alt 15 leilegheiter, som skal byggast i den delen av feltet som ligg på nedsida av Gamlevegen.
– Dette er sentrumsnært, men samstundes landleg. I kombinasjon med denne fantastiske utsikta, så har vi tre faktorar som ikkje mange andre har, seier Koppen og ser ut over Voldsfjorden.
Utbygging i fleire steg
Etter planen skal Fjordbygg AS bygge i alt sju blokker med til saman 33 leilegheiter. Dette skal gjerast i to byggesteg. Byggesteg 1 kjem i feltet nedom Gamlevegen, og seinare kjem byggesteg 2 ovanfor vegen.
– Vi byrjar salet av leilegheiter i det første byggesteget i 2021, og når det er selt rundt halvparten av leilegheitene så byrjar vi bygginga, seier Rune Koppen.
Fjordbygg AS har avgjort at salet skal skje gjennom meklar, og har valt DNB Eiendom til oppgåva.
I byggesteg 1 vert kvar av blokkene i tre etasjar, med toppleilegheit og to leilegheiter i kvar av dei andre etasjane. Seinare skal det byggast fire blokker ovanfor Gamlevegen. Tre med fem leilegheiter, og ei blokk med tre leilegheiter.
– Alle blokkene får høg kvalitet, med moderne fasilitetar og heis. Byggehøgdene er godkjende av kommunen, og med høgdeforskjellane så vert det fantastisk utsikt frå alle leilegheitene, seier Koppen.
– Ønskjer seg sentrumsnære leilegheiter
Fjordbygg AS har ikkje ei særskild målgruppe i tankane når dei byrjar salet, men Koppen seier det er visse signal i marknaden.
– Desse leilegheitene er for alle, og passar like godt til barnefamiliar som til eldre. Men signala i marknaden er at ein del seniorar ønskjer å selje einebustadane sine, og heller bu i moderne og sentrumsnære leilegheiter, seier han.
Klikk her for å lese meir om prosjektet og ta kontakt med meglar.